Hopp til hovedinnhold
Artikkel
Gloppen Accountor

Kva er det dei beste bedriftene faktisk gjer? Høyr med økonomiekspertane i Aspia

Ingen kjenner næringslivet i Nordfjord betre enn Aspia. Få har eit betre innblikk i økonomien til verksemdene i Nordfjord enn det lokale rekneskapskontoret Aspia Nordfjord. Her sit fagfolk som jobbar tett på bedrifter i alle storleikar – både lokalt og nasjonalt – og som ser kva som faktisk fungerer i praksis.

Men kva er det som skil dei som lukkast frå dei som berre kjem seg gjennom kvardagen?
Vi tok ein prat med avdelingsleiar Lena Skinlo for å høyre kva ho ser hos bedriftene i nærområdet som får det til.

Lena Skinlo Accountor

Dei som følger talane – får resultata

Mønsteret er tydeleg: verksemder som aktivt følger med på tala sine, gjer det best over tid.

«Det er faktisk overraskande mange bedriftseigarar som nesten ikkje ser på tala til bedrifta si, og ikkje orker å forholda seg til rekneskapet,» fortel Lena Skinlo. «Men det er mange flinke folk der ute, og vi ser at dei bedriftene som har eit aktivt forhold til økonomien sin også oppnår dei beste resultata.»

Ho har denne oppfordringa til leiarar:

«Det er ikkje nok å ha ein proaktiv rekneskapsførar i ryggen, du må faktisk ha eit oppriktig engasjement for tala dine sjølv også. Jo meir aktivt du følgjer med på utviklinga i tala til firmaet, dess større er sjansen for å lukkast. Set deg ned med rekneskapsføraren din og få hjelp med å forstå kva tala betyr. Det er mitt beste råd til de

Moderne teknologi gir betre kontroll

Som partnar i PowerOffice Go har Aspia tilgang til dei beste og mest brukarvenlege løysingane på marknaden.

Tidlegare fekk mange verksemder rekneskapsrapportar berre nokre få gongar i året. Nokre har det slik enno – og Lena meiner fleire burde stille krav til rekneskapsføraren sin for å sikre seg moderne og effektive system:

«Mange av våre kundar etterspør rekneskap i PowerOffice GO (POGO), som er eit brukarvenleg og framtidsretta system. Vi i Accountor er faktisk POGO-partner, og størst i Nordfjord-området på dette systemet. Det gir oss mange fordelar når vi skal hjelpe kundar: Vi har svært god kompetanse på rekneskapsføring i POGO, og tilbyr integrasjonar mot ei rekke system.»

Snu kursen når du treng det

Med dagens system kan du hente ut rapportar når som helst og få økonomioversikt i sanntid. Det gjer det mykje enklare å ta grep tidleg – og å endre kurs før problema veks.

«Få hjelp av rekneskapsføraren din til å tilpasse rapportane med tala som er viktig for deg.»

Accountor Gloppen
Aspia Online kirjanpitopalvelu pk-yrityksille

Lokal kraft med kundar både lokalt og nasjonalt

Å vere til stades i Gloppen, Eid og Måløy betyr mykje for gjengen i Aspia Nordfjord, fortel Lena. Den lokale tilknytinga gir dei ein unik posisjon – tett på kundane, tett på behovet og tett på utviklinga i regionen.

«Vi likar å vere nær kundane våre. Det er ein stor fordel at vi er store og lokale – for det gir oss bredda i kompetansen til å hjelpe både store, nasjonale selskap, og dei mindre, lokale aktørane.»

Med eit team på over 40 medarbeidarar i Nordfjord sit dei på ei solid samling av fagkunnskap og erfaring:

«Vi har heile fjøla av kompetanse hos oss, både erfarne rådgjevarar med tung rekneskapskompetanse, og yngre kreftar med nye tankar og idear. Det er kjekt at vi no får ein ny generasjon økonomar med på laget.»

Generasjonsskifte løftar krava til digitale løysingar

Hos Aspia Nordfjord merkar dei ei tydeleg endring: Bedriftseigarar forventar i langt større grad at rekneskapsføraren leverer digitale og brukarenvenlege løysingar. Lena fortel:

«Vi ser at ein ny generasjon av bedriftseigarar gradvis tek over. Det er både yngre krefter som starter opp selskap, men det skjer også generasjonsskifte i eksisterande selskap. Jo yngre du er, jo meir tar du det som ei selvfølge at du kan følge med på rekneskapen frå ein app på telefonen din».

For Lena og teamet er dette ei utvikling dei både helsar velkomen — og synest det er gøy å kunne levere på:

«Om du er ein byggleiar som er ute på ein byggeplass kan du ta opp mobilen der du er, og betale rekningar med eit par tastetrykk».

Det gjer ikkje berre kvardagen enklare for leiarane, men også for dei tilsette:

«Tilsette kan registrere timar på mobilen. Når du er mykje ute og jobbar er det ein kjempefordel. Leiaren på si side kan godkjenne timar i mobilappen, og sende det rett til lønsutbetaling. Administrasjonsarbeidet går ned til eit minimum».

Aspia - opiskelijat ja vastavalmistuneet - Oppilaitosyhteistyö
Accountor Eid

Fleksible løysingar – forma rundt kvar enkelt verksemd

Behova til verksemder varierer stort, og det merkar Aspia Nordfjord godt. Med moderne system er det enklare enn nokon gong å tilby løysingar som faktisk er tilpassa måten kunden jobbar på.

Lena likar spesielt godt å kunne tilby denne fleksibiliteten:

«Nokre bedrifter vil at vi skal komme på besøk til dei, og bistå dei tett i den daglige drifta for å forbetre rutinar og gi økonomiske råd for å betre lønsomheita. Andre vil berre ha hjelp til det heilt lovpålagte i rekneskapen. Kanskje vil dei gjere det meste sjølv, og ha oss som ein kontroll-funksjon av rekneskapen. Med nye, digitale system er det muleg for oss å tilby alle slike variantar».

Felles for alle verksemdene er eitt viktig behov: Dei vil ha ein rekneskapsførar som forstår kva dei driv med – og kva utfordringar dei står i.

Mange bedriftsleiarar sit «aleine» på toppen

Det er ikkje uvanleg at leiarar kjenner på ansvaret – og at det kan bli litt einsamt. Hos Aspia Nordfjord ser dei at det ofte er ei stor støtte å ha ein rekneskapsførar som faktisk fungerer som ein sparringspartnar.

«Som rekneskapsførar er det vår drøm å få hjelpe kundane våre med å lukkast. Vi fungerer som ein økonomifunksjon for kundane, noko dei ofte ikkje har sjølv. Da får dei hjelp til å sjå heilheita i rekneskapet, og kan få råd om til dømes kostnadsstyring, investeringar, varekjøp og drift av varelager.»

Det handlar også om timing. Som Lena seier:

«Det er for eksempel nokre tider på året det er lurare å gjere store innkjøp enn andre. Og om du har leverandører med lang leveringstid kan Accountor gi råd om alternativ.»

Og nokre grep kan faktisk gi stor gevinst:

«Mange kan få ein stor fordel av at leverandøren kan sitte på varelager i stadet for dei sjølv. Sånne ting set kundane våre pris på å få råd om,» slår Lena fast.

Råd til bedriftsleiarar: Still krav til rekneskapsføraren din

Lena er tydeleg på eitt punkt:

«Ein rekneskapsførar skal kunne bidra med meir enn fakturabehandling. Still krav til rekneskapsføraren din, og bruk deira kompetanse og innsikt i økonomien din til din fordel. Dei kan være din beste sparringspartnar for å drive verksemda meir økonomisk.»

Ho understrekar også kor mykje enklare kvardagen blir når ein nyttar dei digitale moglegheitene:

«Det er mykje forbetringspotensial hos bedriftene i Gloppen og Eid. Vi vil gjerne fremme at digitalt, skybasert regnskap gjør kvardagen så mykje enklare for alle – uansett om ein er god på data eller ikkje. Dette kan vi hjelpe dei med,» avsluttar Lena.

Kontakt Accountor i Sandane, Eid eller Måløy

 

Share