Ein god sparringspartnar for landbruksrekneskap
På Byrkjelo i Gloppen kommune driv Per Jarle Myklebust eit stort gardsbruk i samdrift med ein annan bonde.
Dei siste åra har dei bygd ut gardsdrifta betydeleg, og dei er heilt avhengig av å ha profesjonell hjelp til rekneskapsføringa. Den får dei av Aspia Gloppen.
Lokal samarbeidspartnar på rekneskap
Per Jarle fortel at Aspia er ein god samarbeidspartnar i lokalmiljøet:
«Vi har samarbeidt med Aspia Gloppen i over 20 år, og er veldig fornøgde. Alt er på stell i rekneskapen, og dei er ein god sparringspartnar for oss.
Det beste er at dei alltid held seg fagleg oppdatert, og gir oss gode råd om kva vi bør gjere for å få gode resultat.»
Godkjenner fakturaer rett frå mobilen
I rekneskapen vil dei helst ha mest mogleg digitalt, og det får dei i programmet Duett. Aspia tek seg av alt i rekneskapen, og Per Jarle kan gå inn og få oversikta over økonomien når som helst. Frå mobilen eller PC-en loggar han seg inn og godkjenner fakturaer etter kvart som dei kjem. Fakturaar som ikkje kjem elektronisk skannar Per Jarle inn og sender over til Aspia.
«Når eg har spørsmål om rekneskap, skatt eller andre ting er det alltid hjelp å få frå Aspia,» avsluttar Per Jarle fornøgd.